Kvam Open 2026 - Presented by MVP Disc Sports

PDGA C-tier

Saturday, May 30, 2026

Hosted by Kvam Frisbeegolf

Schedule

  • Fri
    May 29

    7:00am - 7:00pm

    Banen er reservert til trening for spelarar i Kvam Open 2026

    7:00pm - 8:00pm

    Digitalt spelarmøte

  • Sat
    May 30

    7:00am - 9:30am

    Banen er reservert til trening for spelarar i Kvam Open 2026

    9:30am - 10:00am

    Siste gjennomgang før start

    10:00am - 1:00pm

    Kvam Open 2026 - Runde 1

    1:00pm - 2:00pm

    Pause

    2:00pm - 5:00pm

    Kvam Open 2026 - Runde 2

    5:30pm - 6:00pm

    Premiesermoni

Divisions

MPO Mixed Pro Open NOK 400
FPO Women's Pro Open NOK 400
MA3 Mixed Am 3 NOK 400
MJ18 Mixed Junior 18 NOK 200

About this tournament

Velkomen til Kvam Open 2026
Kvam Frisbeegolf har gleda av å ønskja deg velkomen til Kvam Open 2026, som blir arrangert på Kvam Disc Golf Course. Turneringa blir ei PDGA-sanksjonert C-Tier konkurranse og markerer eit viktig steg vidare for frisbeegolfmiljøet i Kvam.
Informasjon om arrangementet vil bli oppdatert fortløpande her på Discgolfscene fram mot påmeldinga opnar.

SPELARPAKKE
Kvar deltagar får utdelt ei spelarpakke som inkluderer ein disk og mini med custom stamp.

BANA
Kvam Disc Golf Course er ei variert frisbeegolfbane forma av vestlandsnaturen, med ein kombinasjon av tekniske skogshol og opne fairways. Bana krev både presisjon, gode speleval og evne til å tilpassa seg terrenget.
Til Kvam Open 2026 vil det bli nytta ein konkurranselayout tilpassa turneringsspel, der flyt, tryggleik og rettferdig utfordring står i fokus for alle divisjonar.


TURNERING OG SPELEOPPLEGG
Kvam Open 2026 er ei PDGA-sanksjonert turnering med to rundar shotgun-start.
I første runde blir spelarane fordelte i divisjonsvise kort ved tilfeldig trekking. I andre runde blir korta sett opp etter divisjon og resultat frå runde éin, der dei beste startar på hol 1.

Alle deltakarar skal møta ved hol 1 15 minutt før start av kvar runde. Henholdsvis klokka 09:45 for runde 1 og 13:45 for runde 2. Deretter går alle ut til holnummer i henhold til tildelt gruppenummer.
Under denne turneringa vil du automatisk kunne sakffe deg viktige poeng i sammendraget i Nordisc Tour 2026!


PLAYOFF OG PREMIERING
Ved likskap om førsteplass i ein divisjon blir det gjennomført playoff. Playoff blir spela som sudden death på hol 10 og 11 i konkurranselayouten, og held fram til ein vinnar er kåra. Spelarar som fell bak i playoffen blir slått ut fortløpande.
Ved delt 2. eller 3. plass blir det også spela playoff, slik at me får éin spelar på kvar plassering som mottek premie. Rekkefølga på playoff vil starte med MJ18 , deretter MA3 og til slutt MPO og FPO.

Premiering og eventuell playoff blir gjennomført så snart siste kort har levert og stadfesta score etter fullført runde.


PROGRAM UNDER TURNERINGA
Undervegs i turneringa legg vi opp til sosial samling for deltakarane. Det blir felles aktivitetar, salg av diskar og utstyr, samt sosialt opplegg. Meir detaljert informasjon publisert nærare arrangementet. Målet er å skapa ei triveleg ramme rundt turneringa og leggja til rette for samvær på tvers av kort og divisjonar.


SPELARMØTE
Spelarmøtet blir gjennomført digitalt 29.05 klokka 19:00. Informasjon om tidspunkt og digital lenkje blir publisert i forkant av turneringa.
Spelarmøtet vil ta for seg mellom anna:
• tidsskjema for turneringa
• scoreføring og bruk av PDGA Live
• kortoppsett og divisjonar
• premiar ACE og CTP
• gjennomgang av bana og fasilitetar
• praktisk informasjon og spørsmål


PARKERING OG FASILITETAR
Det vil bli opplyst om anbefalt parkering i turneringsinformasjonen før arrangementet. På og rundt bana vil det vera tilgang til nødvendige fasilitetar som vatn og toalett. Deltakarane blir bedne om å følgja skilting og informasjon frå arrangør.


PRAKTISK INFORMASJON UNDER RUNDEN
• Det vil vera moglegheiter for oppvarming i nærleiken av hol 1
• Vatnstasjonar blir tilgjengeleg ved samlingspunkt nær hol 1
• Alle spelarar på kortet skal føra score i PDGA Live-appen eller via PDGA si løysing på nett
• Scorekort skal kontrollerast og stadfestast etter enda runde
Nærare detaljar om scoreføring og praktisk gjennomføring blir gitt før turneringsstart.


PREMIAR
Det vert premiar til topp 3 i kvar klasse. I tillegg vert det premiar for ACE og CTP. Kva hol CTP skal gjelda for vert opplyst om før start, og vil være forskjellig i dei ulike klassane.


TAKK
Kvam Open 2026 hadde ikkje vore mogleg utan stor innsats frå frivillige, grunneigarar og samarbeidspartnarar. Det blir lagt ned mykje arbeid i bana gjennom heile året, og spesielt i forkant av turneringa. Ein stor takk til alle som bidreg – både synleg og i kulissane.
Vi ønskjer òg å takka sponsorar og lokale støttespelarar som er med og gjer arrangementet mogleg.

Refund policy

Kvam Frisbeegolf er ansvarleg for tilbakebetaling av påmeldingsavgift ved avmelding. Alle avmeldingar fram til påmeldinga stengjer, blir tilbakebetalte. Ved avmelding etter at påmeldinga er stengd, tilfell påmeldingsavgifta Kvam Open.